Leder 2020-03-05 22:01:59

22.10.2015 styremøteprotokoll

Styremøte 22. oktober kl. 18

Til stades: Merete Lille, Anna Ølnes, Bernt Marius Johnsen, Leif Tore Anderssen, Audun Sletten, Sverre Arne Rognstad, Sofie Gradmann, Eirin Malmo, Mari Tovmo

Saksliste:

  1. Spelemidler utstyr søknadsfrist 4. november. Fagsjefer sender oversikt til Audun over utstyr m/kvitteringar, han sender inn søknad.
  2. Østmarkneset. Ikkje høyrt noko meir frå kommuna, og ikkje hatt noko meir kontakt med Hamren. Audun tek kontakt med Hamren og foreslår leiesum og avtale.
  3. Reol-padleåret er snart over. Reolsjef godkjenner dei som har padla 15 turar før 1. november, resten må levere skriftleg søknad om dispensasjon til styret for behandling på neste styremøte (19. november).
  4. Ombygging Pirbadet. Vi bør gje innspel til arkitekt. På Kyvatnet er det bygd reol til polokajakkane, dette gir meir effektiv plassutnytting. Kjeller i Pirbadet er ikkje eigna til lagring pga. vanskeleg adkomst.
  5. Status økonomi. Eirin går gjennom dei ulike avdelingane. Ikkje alt er ført rett, rettast opp. Alle fagsjefar anmodast om å halde eit auge med eigne avdelingar og gje beskjed til kasserar dersom ting er ført feil.
  6. Tørkerom. Sluk ikkje på lågaste punkt. Få inn tilbod på å avrette golvet for å få fall til sluk. Vurdere tilstand på varmvasstankane.
  7. Utvedig vedlikehald. Behov for å renovere tak? Få inn fagpersonar for å sjå på dette, og evt. gje tilbod på utbetring. Behov for å skifte utvendig kledning på delar av huset.
  8. Polokurs Strinda vgs. Sendt søknad til NPF om 10000,- men ikkje fått svar enno. Peter lurer på om klubben kan dekke dersom ikkje NPF ikkje innvilger søknaden. OK.
  9. Bibliotek. Bernt ønskjer å etablere eit "bibliotek" med padlebøker, bladar ol. Ok, han fikser dette. Vi tenkjer på korleis vi kan gjere dette som ein del av innredninga når vi pusser opp 2. etg.
  10. Digital versjon av padleloggen. Bytte ut boka i gangen med ein digital variant? Vi lufter tanker for og mot, utan å konkludere med noko.
  11. Badstue Østmarkneset. Audun informerer om at det er ferdigstilt ei badstu på Østmarkneset (arkitektstudentar har utfolda seg). Planen er at TKK skal få tilgang til denne.
  12. Vaskeliste/reinhald. Det bør vaskast 1 gong i veka på vintaren òg, stor aktivitet på klubbhuset. Erik endrer vaskelista. Vi prøver dette før vi vurderer eksternt vaskefirma. Det bør sendast med informasjon om "medvaskarar" saman med info om vaskedato.
  13. Eventuelt:
    • Turgruppa på hav held fram, Anna er leiar av denne neste år. Satser på mange og varierte turar.
    • Bruk av huset og huskalender. Ønskjer at Nidaros og Pingvin gir beskjed slik at kalenderoppføringar dei ikkje har tenkt å nytte vert sletta frå kalenderen. Vanskeleg å få gjort noko med dette så lenge kontraktane gjeld. Bør tenkje på dette når kontraktane skal fornyast.
    • Regionmøte i Trondheim 25. november.
    • Forslag om å flytte nokre gamle havkajakkar til Jonsvatnet, og ta ned eit par treningskajakkar. Bernt negativ, stor padleaktivitet på Skansen heile året. Evt. flytte dei to kajakkane som ligg på verkstaden, og leggje treningskajakkane der.
    • Prosjektor. Bernt undersøkjer ny prosjektor med meir moderne kontaktar og tilkoblingsmoglegheitar.