Leder 2020-03-05 22:02:52

24.09.2015 styremøteprotokoll

Styremøte 24. sept kl.18

Til stades: Åge Winge, Audun Sletten, Erik Lillegraven, Eirin Malmo, Merete Lille, Bernt Marius Johnsen, Mari Tovmo, Peter Boros

 

Saksliste:

  1. TOFA og Nidelva. Ikkje kome noko nærare løysing. Har kontakta kommuna og bedt dei finne tidspunkt for møte. Kontakter idrettsrådet og NPF for å få hjelp i saka.
  2. HMS. Audun har hatt ein runde med eit enkeltmedlem rundt eindel HMS. Alltid viktig med fokus på HMS. Vi meiner klubben stort sett gjer ein bra jobb, men tek med oss nokre av punktane vidare. 
  3. Krabbeklo. Merete går gjennom kandidatane, Krabbeklo delast ut på krabbefesten på laurdag.
  4. Qajaq-treff 2016. Bernt ønskjer bekrefting på at TKK stiller som arrangør av dette i 2016 òg. OK.
  5. Østmarkneset. Ikkje hatt noko meir kontakt med Thomas Hamren ang kontrakt og leiesum. Må få til møte med Trondheim kommune, og prøve å få til noko avtale rundt køyring ned til huset ved behov (t.d. klubbhenger o.l.)
  6. Trondheim kajakk. Forvekslast stadig med Trondhjems Kajakklubb pga. likt namn. Uheldig at TKK assosierast med Trondheim Kajakk pga. ulykker og lite fokus på sikkerheit. Diskusjon rundt framgangsmåte og evt. registrering av TKK som varemerke for å få dei til å bytte namn. Vi velgjer å fokusere på sikkerheit i første omgong, og sjekker om det er mogleg å få gjort ei uavhengig vurdering av om det dei driv med faktisk er forsvarleg.
  7. NPF har midler til barne- og ungdomsaktivitet. Vi kan søke om maks 10.000,- til aktivitet for ungdom mellom 9 og 12 eller 13 og 19 år. Kan vere t.d. kurs, samlingar ol. Åge snakker med Capucine, og høyrer om t.d. slalomkurs for ungdom kan vere aktuelt.
  8. Dekke kursavgift førstehjelp/livredningskurs for påmeldte frå TKK? Snakk om ca. 1750,-. Halve styret er inhabile pga dei er allereie påmeldt, resten vedtek at TKK dekker dette. 
  9. Betalingsparkering Skansen. Usikkert når dette vert sett i drift. Har snakka med Trondheim havn og dei lover å sende ut info når dei veit meir konkret.
  10. Støtte til dekke kostnadar for medlemmar med dårleg råd? Vanskeleg å behovsprøve støtte, meir aktuelt med sponsing til alle som deltek på turane. Leggjast inn i budsjett, og så vert det opp til gruppane å fordele dette. Fleire klubbaktivitetar som koster lite og der alle kan vere med. Sak for sosialgruppa. Seilforeninga kan leiast for å få plass til fleire (ca. 80 stk) på arrangement. Elv og polo bør vere representert i sosialgruppa for å vere betre inkludert enn i dag. Grillfest for alle utanfor klubblokalet til våren?
  11. Organisasjonsplan - må reviderast før årsmøtet.
  12. Eventuelt
    • Bernt orienterer om at han tenkjer å kjøpe eit par havkajakkar, lei av å vente på kontainer og plass til fleire kajakkar på Skansen.
    • Peter orienterer om kajakklagringssituasjonen i Pirbadet. Ikkje avklart enno, i verste fall leier vi ein kontainer vi kan plassere utanfor.