Styremøte 27. august kl.18
Til stades: Sverre Arne Rognstad, Åge Winge, Peter Boros, Merete Lille, Audun Sletten, Erik Lillegraven, Erik Jonsson, Mari Tovmo
Saksliste:
- Vimpelen er flisete i tuppen, Sverre bestiller 2 stk nye.
- iZettle, kortautomat. Sjekker opp dette, og bestiller. Koster oss ingenting å prøve, kortleser er gratis - 2,75% transaksjonskostnad.
- Haustdag Haukvatnet 6. september. Ann-Cathrine har ansvar. Styret bevilger litt midler til kjøp av enkel lunsj for dei som stiller opp.
- Kano som gruppe i TKK. Har vore mailutveksling med tanke på kanoulykkar og kursing/sikkerheit i samband med kanopadling. Vi avventer til interesserte melder seg, men er positive dersom nokon vil ta initiativet til å starte opp slik aktivitet.
- Nedre Leirfoss kontainer. Ingenting har skjedd sidan før sommaren, vi må mase på Statkraft for å få kontrakten vi er lova.
- Slalom nidelva, møte mellom oss, kommune og Tofa. Ikkje skjedd noko meir, vi prøver å finne ein ornitolog og avtale møte.
- Østmarkneset. Befaring med ansvarleg 26. aug. Svært positivt, plass til mange kajakkar. Vi sender ut spørjeskjema til alle medlemmar.
- Ombygging av Pirbadet. Kajakkar i Pirbadet kan ikkje lagrast der dei er lagra no. Peter skal i møte med Pirbadet for å finne løysing. I verste fall får vi prøve å få til ei løysing med tilhenger utanfor.
- Drift av heimesidene - kjøpe teneste av firmaet til Erik. I staden for å betale paypal/serverdrift ol. betaler vi ein transaksjonkostnad pr. betaling i nettbutikken. Kostnaden for klubben vert omlag det same som før. Vi vedtek dette. Erik og Eirin avtaler signering, overføring til konto ol.
- Parkering og tilgang område utanfor klubbhuset. Trondheim Havn har satt opp skilt med parkering forbudt på området. Sverre har sendt mail til Trondheim Havn ang. saken. Må prøve å gå saman med dei andre aktørane på Skansen og klage til Trondheim Havn.
- Under broene kajakkløp - 12. september. Audun og Erik J organiserer. Må sjekke opp om kanalen er stengt i samband med "Renere havn" og mudring. Behov for to-tre frivillige til å ta tid ol. Prøve å få til grilling på Skansen saman med kajakkpolo på kvelden (Kajakkpoloturnering på Kyvatnet same helg).
- NM Slalom - 10.-11.oktober. Åge snakker med Capucine om dette, og ber evt. om hjelp fra styret ved behov.
- Krabbeklo. Merete les opp kandidatane. Tar avgjørelse neste styremøte.
- Støttekontakt - vi kan leggje til rette med utstyr ol., men iom at vi er klubb med frivillige er det vanskeleg å "tvinge" nokon til å vere støttekontakt. Dette er ein viktig sak, som vi må diskutere meir. Mogleg å få folk til å stille dersom dei t.d. får dekt aktivitetsleiarkurs? Dei som har timar til støttekontakt gjennom kommunen kan sannsynlegvis nytte nokre av desse timane til støttekontakt i kajakklubben.
- HMS/forsikring - utsetjast til neste gong.
- Utvendig dusj rullestolrampe - ønske/behov for å kunne skylle utstyr ol. ute for å begrense utstyrsdusjing i dusjen inne.
- Breiband - Erik har sjekka. Telenor kan tilby oss betre pris dersom vi bind oss for to år. Mobilt breiband er sannsynlegvis einaste alternativ til det vi har i dag. Erik sjekker med fleire, bl.a. Canal Digital.