Leder 2020-03-05 21:16:12

04.02.2016 styremøteprotokoll

Til stades: Eirin, Peter, Audun, Bernt, Sverre, Merete, Mari

Sakliste:

1. Differensiert husleie medlem/ikkje-medlem. Sverre ser på kontrakten seilforeninga har, og sett opp forslag til kontrakt med utleiepriser, vilkår osb.

2. Honorering av kasserar/reknskapsføring. Eirin har sagt seg villig til å føre rekneskapet, dvs. vi har ikkje andre utgiftar til dette. Revisorar føreslår at rekneskapsføringa honorerast for å gjere det meir attraktivt å vere kasserar, og for å få nokon med rekneskapskompetanse til å ta på seg dette vervet. Vi fører opp ca. 30000,- i budsjettet til dette.

3. Organisasjonplanen er revidert. Ikkje store endringar, mest omstrukturering. Må vedtas på årsmøtet.

4. Ny vedtekter er klare, må vedtas på årsmøtet.

5. Medlemsmøte etter årsmøtet: oppussing 2. etasje, Østmarkneset, generell info frå styret (t.d. vask av klubbhus), foredrag Åge for å motivere medlemmar til å vere med på "flyktning"padling.

6. Vask har huset. Vaskelista er lite utfylt, dårleg dersom dette reflekterer faktisk vask av huset. Sverre sjekker opp med vaskefirma kor mykje det koster for å setje bort vaskinga. 1 gong i veka i vinterhalvåret, 2 gongar i veka frå 1. mai - 1. oktober.

7. Politiattest. Bør vere felt på medlemssida m/dato for framvist godkjent politiattest. Berre leiar skal ha tilgang til å redigere dette feltet. Send mail til alle aktivitetsleiarar med beskjed om at dei må søke og vise politiattest (krav om politiattest for å arbeide med personar under 18 år, eller personar med funksjonshemming)

8. Gjennomgong av rekneskapet med merknadar frå revisorar

9. Servering årsmøtet. Sjekk med sosialgruppa.

10. Qajaq-treff Stokkøya. Helen Wilson kjem ikkje, men Maligiaq er (nesten) booka.

11. Padleforbundet ønskjer meir konkurranseaktivitet på hav. Er dette noko som kan/bør utnyttast med tanke på (uoffisielt) noregsmeisterskap i grønlandsrulle? Definere grønlandsrulling som "idrett"?