Leder 2020-03-05 21:14:18

07.04.2016 styremøteprotokoll

Til stades: Per Erling, Frode, Pål, Andreas, Bernt, Mari, Eirin, Sverre

Saksliste:

  • Reolsjef. Reolsjefen har sagt frå seg vervet. Pål seier seg villig til å ta på seg vervet saman med medlemsadministrator.
  • Medlemssystemet. Alle idrettslag må nytte godkjent system innan utgangen av 2016. Vi undersøkjer kor mykje vi må registrere i eit slik system, og om det finst nokon sjanse for å "sno seg unna" i første omgang. Vi er svært nøgde med systemet vi har, der alle betalingar og påmeldingar kan knyttast til medlemmane. Ved å bytte bør vi undersøkje nøye slik at vi får dekt dei same behova gjennom det nye systemet, slik at medlemmane slepp å forhalde seg til to ulike system. Heimesidene kan framleis vere som dei er, men det må evt. lenkast til eksternt medlemsnettstad på dei aktuelle sidene.
  • Idrettsrapportering/medlemsopplysningar innan 30. april. Frode, Pål og Erik løyser dette.
  • Momskompensasjon varer og tjenester 2015 søknadsfrist 30. april. Denne er allereie sendt inn av Audun.
  • Opplysningar om nytt styre til Brønnøysundregisteret. Eirin fikser dette.
  • Haustdag Haukvatnet 4. september. Juniorgruppa tek ansvar for dette.
  • Avplask 1. mai. Sosialgruppa tek ansvar for invitasjon/terminliste og grill. Bernt auksjonerer bort gamle kajakkar.
  • Dugnad 27. april frå kl. 17 og utover. Ta kontakt med sosialgruppa for servering. Send ut mail om at hittegods vert kasta.
  • Klubbturar fyllast opp fort (Bohuslän-turen vart fullteikna i løpet av 1,5t). Det kan vere lurt å sende ut mail med forvarsel om at påmelding opnast t.d. 1 veke eller nokre dagar før påmelding slik at fleire skal få sjansen til å melde seg på.
  • Turar på terminlista. Er det enklare om "tursjef" legg ut alt samla på terminlista i staden for at den enkelte turansvarlege skal leggje ut sine turar?
  • Kontainer Nedre Leirfoss. Har ikkje høyrt noko meir.
  • Eventuelt/orienteringssakar:
    • NPF sender offisiell observatør til NM i grønlandsrulle på Stokkøya.
    • Nordisk mesterskap i Grønlandsrulle i København i september