Leder 2020-03-05 21:08:29

16.06.2016 styremøteprotokoll

Styremøte 16. juni 2016

Til stades: Pål, Sverre, Erik, Sofie, Per Erling, Frode, Andreas, Mari, Eirin, Bernt, Tom Arne, Wolfgang

 

Saksliste:

  • Leigeavtale Kyvatnet: Leie av badebygget frå Trondheim Triatlonklubb mot hjelp på Trondheim Triatlon (15 stk følgekajakkar) istaden for å betale husleie? OK - pologruppa får ansvar for å administrere dette.
  • Østmarkneset: Må gå gjennom kontraktsforslaget med kommune, kor mykje ansvar har TKK for bygningen?
  • Kompetansekrav grunnkurs/tilsvarande kompetanse: Ønske om å fjerne "tilsvarande kompetanse" frå formuleringa, og kreve kurs for å kunne låne utstyr/vere med på tur. Våttkort grunnkurs eller tilsvarande kurs i andre kurssystem (EPP, BCU).
  • Infomøte om klubben for nye medlemmar: Jamnt tilsig av personar som har teke kurs andre stader. Informasjon om klubben, velkommen m/sosialgruppa. 1 gong på våren før padlesesongen, 1 gong på hausten etter at mange av sommarkursa er over. Presentere rutiner og tilbod klubben har.
  • Facebook-sidene til klubben: Ny facebook-side for klubben - nyttast til informasjon frå klubben til folk som ikkje er medlem. Wolfgang prøver å få slått saman denne nye sida med den uoffisielle Trondheim kajakklubb-sida. Skaffe seg ein web-redaktør for å opste meir på heimesida/facebook-sida? Gjere framsida på tkk.no meir utadretta, og litt mindre fokus på innlogging?
  • Rabattavtaler: ta kontakt med Skandinavisk, Sportsbua, Havsport og få skriftleg avtale på rabatten. Midtdykk? Seabird?
  • Søknader: arrangementstøtte kommunen 1. juni og 1. desember. Aktivitets-drifts-anleggstøtte: aktivitetsstøtte automatisk? Søkt om driftsstøtte til vedlikehald av klubbhuset 1. juni. Ta med Østmarkneset neste 1. juni-frist.
  • Ny kodelår til ytterdør: Ny industristandard lås med kodetastatur ca. 17000,- + mva. Hente inn tilbod frå BeslagConsult i tillegg til tilbodet frå Certego, og benytte seg av det beste tilbodet.
  • Oppussing 2. etg.
  • Kontainer Nedre Leirfoss: Renovering av bygningsmasse på Nedre Leirfoss, Statkraft har behov for plassen sjølv, og det er ikkje aktuelt å setje ut kontainer der dei neste 2-3-4 åra... Vi må tenke på alternativ.
  • Slalomporter: Sett opp på Nedre Leirfoss, Sluppenbrua setjast opp etter kvart.
  • Multisportuke: Ønske om å låne polokajakker til multisportuka. Pologjengen er på NM i Oslo helga før.
  • Pirbadet: ingen bygging planlagt med det første, men det er mogleg riving av brua gjerast likevel.
  • Prosjektor: Fullmakt med orgnr, underskrift osv. for å opprette konto Lefdal/Elkjøp. Opprette firmakonto så vi kan handle med faktura.
  • Eventuelt:
    • Havgruppa bestilling av kajakkar, litt over budsjett.
    • Første tørrdrakt til kurs er brukt opp, det må kjøpast inn nye. Draktane er spesialbestilt med ankelmansjett istaden for fot. Skal det bestillast draktar med fot må det kjøpast inn padlesko i tillegg. Budsjettere med innkjøp av draktar neste årsmøte? Innkjøp av separat sett både hav og elv?
    • Merking av neopren, kva sit godt?
    • Innspel til styret om HMS-revisjon: både gå gjennom eksisterande HMS-dokument og evt. vidareutvikling/oppdatering. Per Erling går gjennom det som mangler på neste styremøte.
    • Førstehjelpskurs med fokus på vatn for aktivitetsleiarar. Røde kors har arrangert for TKK og NTNUI tidlegare. Bør arrangerast minst 1 gong i året, men oppfordring om at aktivitetsleiarar møter.
    • Burde hatt VHF til bruk på klubbturar. Brukarar av desse må ha sertifikat/kurs - onlinekurs m/eksamen ca. 1000-1500,-. Bør sponsast av klubben for aktivitetsleiarar som arrangerer turar. Høyr med redningsselskapet om dei held kurs? Bernt sender ut mail til aktivitetsleiarar, klubben kjøper inn 2 VHF.
    • Elvekurs i helga med kun 3 påmeldte - spre ordet til interesserte.
    • Møte om Trondheimsfjorden - utsatt til hausten med andre enn Sakshaug som føredragshaldar.