Til stades: Sofie, Erik, Per Erling, Bernt, Mari, Sverre, Eirin, Frode
Saksliste:
- Fullmaktsmatrise. Vi vedtek forslag frå NIF med tilpassingar for TKK. Eirin ordner med signeringsavtale i nettbank slik at 2 stk må signere/godkjenne før betaling går gjennom.
- Utdanningsstipend/Støtte til kurs. Vedteke. Teksten leggjast ut på nettsidene, og vi ser an responsen. Kan evt. auke totalsummen neste år dersom det vert populært.
- Ansvar for kajakkar på klubbhengar på klubbtur. Det var eit uhell på tur til Stokkøya i helga, og det kom opp spørsmål om forsikring/ansvar.
- Klubbens forsikring dekker klubbens utstyr.
- Medlemmar har privat kajakk på klubbens henger på eige ansvar, på same måte som privat kajakk i reol på Skansen.
- i henhold til vegtrafikklova er det sjåførens ansvar at last er forsvarleg sikra.
- Spørsmål om kvar strandflagga er. Båe står på klubbhuset. Pologjengen tek med det eine til Kyvatnet når sesongen starter der. Vi bør verte flinkare til å nytte flagga når det skjer noko i klubbregi.
- Padlingens dag 29. mai, skal klubben gjere noko. Det er både klubbtur, grønlandstreff og brottpadlingsarrangement denne helga, så ingenting med padlingens dag i klubbregi.
- Eventuelt
- Medlemsregistrering. Frode har sjekka ut minidrett/klubbadmin. Dekker forsåvidt våre behov, men ikkje mogleg å integrere i heimesida vår (utan å betale ufyseleg mykje pengar kvar månad).
- Ytterdøra, låsen er vrang. Låsen vi har no er dimensjonert for privatbustader, og er sannsynlegvis overbelasta... Ny "profesjonell" type med dørpumpe koster 30.000-40.000,-. Er det naudsynt med dørpumpe for å oppfylle krav til universell utforming?
- Egil Sakshaug har skrive ei bok om Trondheimsfjorden (straumforhold, biologi mm.). Aktuelt med medlemsmøte med foredrag? Samsnakk med sosialgruppa for å finne tidspunkt og servering?
- Det er etterkvart mange medlemmar i klubben, og mange aktive medlemmar. Klubbturar vert fullteikna med ein gong, det er fullt i Pirbadet, det er fullt på kurs. Det er eit "luksusproblem", men styret bør tenkje gjennom korleis dette bør handterast.
- Østmarkneset. Befaring fre 29/4 med kommune og fridykkerklubb. Audun representerer TKK.