Leder 2020-03-05 20:56:09

19.01.2017 styremøteprotokoll

Til stades: Eirin, Andreas, Sverre, Bernt, Mari, Frode, Per-Erling

 

Saksliste:

  • Avplask 1. mai
    • Tas opp som sak på årsmøtet/medlemsmøtet etter årsmøtet. Styrets forslag til vedtak: Halde på 1.mai som avplask, ingen kolliderande klubbarrangement.
  • Oppussing 2.etg
    • Sverre tek kontakt med Toralf og prøver å skaffe oversikt over budsjett før årsmøtet.
  • HMS-plan.
    • Per-Erling jobber med saka, presenterast på medlemsmøtet etter årsmøtet.
  • Media og kommunikasjon
    • Leggje litt meir føringar for kva som er greitt på facebook-gruppa? Ønskjer vi t.d. salsannonsar? Kvar går grensa?
    • Kven prater med media for TKK når noko har skjedd? Dersom det er uttalingar på vegne av klubben er det styret, eller den styret delegerer det til (t.d. fagsjefar), som skal uttale seg. Bør inn i organisasjonsplanen.
  • Qajaq-treff 2017
    • Klubben arrangerer og tek det økonomiske ansvaret i 2017.
  • Rangøytreffet
    • TKK har ansvar for å arrangere dette i 2017. Spør Håvard Engen om å vere ansvarleg.
  • Alternative søndagsturar /laurdagsturar- utlånspolicy klubbkajakkar
    • For dagsturar: ikkje mogleg å reservere kajakk, først til mølla. Ikkje betaling for slik bruk.
    • Må vere ein ansvarleg aktivitetsleiar, som tek ansvar for å gjere vurderingar knytt til kompetansekrav ol.
  • Søknad statleg støtte friluftsaktivitet?
    • Søke om å kjøpe dobbeltkajakk?
  • Søknad frå Audun om kursstøtte til veilederkurs
    • Vedtatt, støtte 2500,-
  • VHF-kurs
    • Frode tek opp ansvar for å kjøpe VHF-er, og for å formidle info om VHF-kurs. Aktivitetsleiarar kan få støtte til VHF-kurs ved søknad.
  • Gjennomgong innvilga søknadar.
  • Østmarkneset
  • Årsmøtet 16.feb
    • Innkalling min. 1 mnd før
    • Forslag til sakar sendt til styret 2 veker før
    • Fullstendig saksliste og saksdokument sendast ut 1 veke før
      • Budsjett må vere klart frå alle fagsjefar
      • Årsmelding m/utstyrsliste må vere klart frå alle fagsjefar 2. februar
  • Minstesats medlemskap 100,-
  • Bytte postboks til post-i-butikk i Ilsvika i staden for postkontoret i midtbyen.
    • Låsbar postkasse på utsida av klubbhuset?