Havgruppa

 

Velkommen til TKKs havgruppe 

Vi er en veldig koselig gjeng med med det til felles at vi padler havkajakk. Du vil finne medlemmer på alle nivåer fra "famlende" til "ekspert". Du vil også finne ut at interesser og motivasjon varierer fra ønsket om koselige dagsturer, via overnattingsturer på forskjellig nivå til særere interesser som brottpadling eller eskimoenes gjøren og laden. Her finner du altså noe for en hver smak.
 
Tilbake

Klubbtur til Froan

Klubbtur til Froan

Referat frå TKK tur “Fyrhopping, Froan og Halten” 31/8-2/8

 

av Egil Storrusten

andre deltakerar:

Arne Røyset (sjefsredaktør)

Anna Ølnes (kjent frå Sognefjordsekspedisjonen)

Olve Mogstad (jetboilaren)



 












 

Bakgrunnstoff klypt frå forvaltningsplanen for Froan:

“De første fastboende skal ha slått seg ned på 1770-tallet, etter at nye væreiere kjøpte øyene og bygde et handelssted på Sauøya. I perioder har øyene hatt stor aktivitet, både fra tilreisende fiskere, men også fastboende leilendinger, husmenn, strandsittere, underlagt væreieren. I Froan har det vært mangesidig livberging, med ekstensivt fiske i et ytre, værhardt kystområde. Dunsanking og selfangst har lange tradisjoner, det samme har torvtekt, brenning og lyngslått. På 18- og store deler av 1900-tallet ble de større fiskeriene viktig, med alt fra klippfisktørking til trandamperi. Med den økte aktiviteten kom også dampbåt og post omkring 1890, og sykehus på Husøya omkring 1900. Etter at Ny Jord og Sør-Trøndelag landbruksselskap kjøpte Froan på 1920-tallet ble det reist flere bureisingsbruk. Bebyggelsen omfatter både fiskevær og spredt bebyggelse på enkeltøyer. Kombinasjonsbruk for jordbruk og fiske har vært nødvendig for de fastboende i Froan, og gårdene har tradisjonelt vært små, bygningene relativt beskjedne. Husene har gjerne vært plassert med tanke på best mulig le for vind og vær. Likevel er det stor variasjon i området, fra de lavmælte rorbuene på Halten, til den mer villapregede bebyggelsen på Sørburøy, som fremdeles har fast bosetting. Tilknytningen til fisket gjør at finnes mange naust, brygger og rorbuer, hvor fiskerne hadde periodevis tilhold.”

 

Arne Røyset annonserte Froan-Halten tur i august.  Tre veker etter planen vart været stabilt nok til å dra ut mot havgapet. I tillegg til Arne var Anna Ølnes, Olve Mogstad og Egil Storrusten med.  Vi tok bil til Dyrøy, 17 mil (2 timar og 45 min)  Stor parkeringsplass på ferjeleiet og lettvint sjøsetting av kajakk i fjøra 50 meter unna. Coop butikk open til 18(16) på staden. Venterom med toalett på ferjeleiet.

Rutebåten  går frå Dyrøy til Gjæsingen, Sørburøy, Sauøy eller Halten frå juni til august. Resten av året går båten berre til Gjæsingen, Sørburøy og Sauøy. Ein kan ringe 73 89 07 00 om ein vil forsikre seg om at kajakkane får bli med.

 

I utgangspunktet tenkte vi langpadling Dyrøy-Halten men sjansen var liten for å få godt nok vær lenge nok til det. YR varsla sørleg frisk bris opp mot 9 m/s heile helga.

Plan 1: Ta båten til Sørburøy fredag kl 20 og padle til Halten via Vingleia og Finnværet fyr, retur med den absolutt siste båten frå Halten i år, kl 14 søndag.

Ein av bilane (vi seier ikkje kven ;-), stod svæært lenge i rushen, slurva med navigasjonen og måtte sjå båten gå frå kai på Dyrøy ved ankomst.

Plan 2: Padle frå Dyrøy til Andstein ved Mausundfjorden og deretter legge turen opp etter vær og ambisjonar. Vindvarsla la føringar for planlegginga der vi la dei eksponerte delane så skjerma som råd.

Allereide før helga hadde vi avklara forventningar og var enige om ikkje å utfordre vær og krefter i havgapet. Vi var innstilte på mykje padletid, ikkje nødvendigvis raskt og langt. Vi lot Halten vera mot å få fleire padletimar i øyrekka.

 

Arne passa på å  avklare forventningar på forhånd som tidspunkt for å gå på vatnet etter pauser og om morgonenen og tid for å avslutte dagens padling. Energisparande å slepp å lure og forfattaren kjente seg uvanleg lettbeint ved hanegal kl 0630!! Gruppa var lita og smidig, det var lett å improvisere fortløpande. Vi trengte ikkje kjenne på å måtte presse oss frå komfort til risikosone.

Første kvelden

 

Første natta telta vi på Andsteinen (mykje brukt navn i øyrekka). Fjøre, litt grove steinar og bekmørke gjorde båtopptrekket litt strevsamt. Skjerma liten teltplass midt på øya, i tillegg nok areal for fleire telt på høgdene (tynn torv). Anna hadde halvferdig middag så vi fekk metta oss raskt og lagt oss. Andstein må tyde to steinar eller holmar tett på kvarandre. Arne og forfattaren tok oppfordinga og la seg ANDføtes i tomannsteltet.

Skumringspadling

 

Neste dag kryssa vi Mausundfjorden til Vingleia fyr. Den friske brisen kom aldri, så i den eksponerte delen hadde vi berre litt dønningar. Vi tok ein times lunsj på fyret, og sørga for tilstrekkeleg dokumentasjon for fyrsamlinga.

Laurdag

Mot Vingleia

Vingleia fyr

Deretter padla vi nord og aust om fyret inn i øyrekka att og kom over to selkast (yngleplass) på vegen der  vi lot oss føre med straumen så dyr og menneske kunne ligge i vasskorpa og glo på kvarandre til vi var ute av syne for kvarandre. Det var ei høgtidsstund! Havørna fylgde forøvrig med oss over alt. Ein og annan ung og gamal teist fór forbi og Skarven både såg og lukta vi rett som det var.

Selkast

Gjæsingen











 

Laurdagskvelden gjekk vi i land på Vassøya som er i  litt avstand frå eit oppdrettsanlegg. Fjøra var tilgjengeleg på eit punkt med teltplass like ved. Vi duka graset til fest med nakkekotelettar i raudvinssaus (resten av vinen drakk vi) og som alltid om hausten, kaffe og eplekake til dessert. Duskregnet la ingen dempar på stemninga!

Vi var møre i kroppen etter 35 km, rosignal klokka 22 med avtale om å vera på vatnet 0830 neste dag og slik skulle det bli ;-)

Søndagen padla vi nord for Vassøya mellom øyane og ut til Finnværet fyr. Vi gjekk i land i fjøra aust for kaia. Lenger ut frådde sjøen!Kart og værsjekk

Finnværet fyr, påan igjen med dokumentering til fyrsamlinga og litt karbohydratar før neste etappe til Lyngøya der vi laga varm lunsj med den superraske JetBoilen til Olve!

I den sørvestvendte vika på Lyngøya såg vi frå avstand ei grøn slette som truleg kunne teltast på. Dei store øyene er generelt teltbare utanom fredingstida vel og merke. Det var fortsatt varsla sørleg vind men turen sørover til Sauøya var ikkje noko problem.

Sauøy

Vi kunne ha padla vidare til Sørburøy men det kunne vore motviind og ville vore siste båten med sein ankomst til byen så vi ga oss på topp. Den siste treningsøkta vart buksering av kajakkane opp frå fjøra på Sauøy og Hurtigbåten la til kai eitt minutt etter at den siste var plassert på brygga!

Meir fakta:

Froan(fråde)  landskapsvernområde/naturreservat/rdyrelivsfredning

Det einaste store skjærgårds- eller strandflateområde i landet som er verna.

Froan er minkfritt så området er viktig for ei rekke hekkande sjøfugl. Det er høg biologisk produksjon i sjøen,  skjellsand- , tareskog- og kamskjellforekomster. Store koloniar med steinkobbe og havert (selart). Sørlegaste hekkeplass for Storskarv. Hekkeplass for toppskarv og teist. Krykkje hekkar ved Halten fyr. Floraen er ei blanding av nordlege og sørlege artar. Høgaste punkt er 49m på Kunna med den  ”skog” opptil 5m høg. Berggrunnen er for det meste skrinn granitt.

Fredningsbestemmelsar for padlerar:

Landskapsvernområdet (sjå kartet) har dyrelivvsfredning i heile året, dvs

alle fugleartar, reir og egg, alle selartar og oter er freda mot unødig forstyrring.

 

I naturreservatet er det ferdselsforbud på land  1. april t.o.m. 10. august.

Ferdselsforbud på kasteplassar for sel 10. september t.o.m. 15. november






 

Sjøkartet viser forøvrig grensene til skytefelt for sjøforsvaret sørvest for Sørburøy.
Øvingsperiodene er frå 1. august til 1. april. Det er øving 5 - 10 gonger i året. Blindgjengarfare på land i feltet. Sjøforsvaret varslar grunneigerane før øving og større øvingar blir varsla i media.