null Mellom krigsminne og selar

Helgetur til Tarva

 

Tidspunkt: fredag 27. mai til søndag 29. mai 2016

 

Ti deltakarar, fem menn og fem kvinner

Det fine med Tarva var sjølvsagt denne gongen at det var strålande ver, sol, varmt og godt – trass i til dels sterk vind.

I tillegg ligg Tarva nesten heilt ute i storhavet med små og store øyar, holmar og skjær, fuglar, selar, landskapsverneområde med ferdselsforbod, skytefelt for luftforsvaret på Ørlandet, mange og interessante minnesmerke frå den tyske okkupasjonen under 2. verdskrigen, ei bebudd øy med nokre få fastbuande, ferje til og frå fastlandet (NB! Få avgangar), hytter og rundt havneområdet eit fascinerande strekk av straumstolpar og kraftledningar på kryss og tvers i lufta – slik det var i gamle dagar.

Turfakta:

Det var lagt opp til tur i kategori 3, dvs folk skal beherska vind i 10 m/s, til dels eksponert, og vera i stand til å padla to mil på ein dag. Planen var å padla eller ta ferja over til Tarva, slå leir og ligga i telt to netter på samme stad, så padla eller ta ferje tilbake – alt etter vindstyrke og form.

Fredag: alle møttes på ferjekaien Dypfest, nord for Bjugnfjorden cirka klokka 17. Der er det småbåthavn, grei parkering av bilar og ei lita strand til å setta ut kajakkar. Her var det mogleg å velgja fjordkryssinga på sju-åtte kilometer anten i kajakk eller ferje. Alle valde kajakk.

Takka vera ein liten omveg nordaustover til Været (landskapsvernområde) vart det også selsafari. Eg vil ikkje tru at nokon av oss har sett så mange selar på ein gong før. Deretter padla me langs land mellom Været og ei rekke av holmar og skjær på sørsida av Været til den bebudde Husøya, forbi ferjekaien og littegrann vestover til Straumen. Ved inngangen til Straumen er det ein fin teltplass, men lang fjære å bæra kajakkane over på floa.

13 km padledistanse.

Laurdag: Planen var å padla rundt Karlsøya (skytefeltøya) og Husøya, men vermelding med vindstyrke opp mot 10-12 m/s frå søraust utpå dagen gjorde oss litt usikre, og me testa det litt ut med tanke på at det kunne bli for voldsomt og at me måtte snu. På utsida av desse øyane er det berre storhavet og øyrekka med Sula, Mausundvær og Sørbuøy.

Før matpause på fyrholmen Hegersteinen fekk me mellom anna studert skytefeltet til forsvaret på Karlsøya på ganske nært hald. Sjølve Hegersteinen har også ein radarstasjon som står att etter tyskarane. Me prøvde oss også på oppdagelsesferd inn mellom viker, holmar og skjer.

Denne gongen møtte me den sterke vinden på nordsida av øya. Teknologien seier at det var sju-åtte sekundmeter. Det føltest endå sterkare! I alle fall vart det slutt på småpratinga. Det var krevande å manøvrera, halda kursen og samtidig ha nok framdrift.

Difor var det kjempefint å finna Åkervika på austsida - for ein liten pause og fotoseanse - med ei fin strand og grasslette innanfor. Svært egna som teltplass!

Totalt enda me på over to mil i kajakken i ver og vind der mange følte dei fekk testa seg sjølv. Og alt gjekk veldig bra – ingen farlege situasjonar, men kanskje litt skummelt for nokon av oss innimellom.


 

Søndag: Planen var å snirkla seg rundt Været før fjordkryssinga tilbake til bilen. Vermeldinga sa at vinden kom til å auka utover dagen opp mot seks-sju m/s. Me valde difor å kryssa fjorden, ta den raskaste turen over og heller ta oss ein tur nordover langs fastlandskysten. Søndagens studieobjekt vart vindparken på Valsneset og fiskeforfabrikken til Marine Harvest + ei fantastisk sandstrand på ein holme.

Snaut to mil padling.

Oppsummert:

Det finaste med Tarva er holmar, skjær og storhav. Det er snaut to og ein halvtime frå Trondheim, inkludert Flakk-ferja til Dypfest og altså grei avstand for ein helgetur. Ferja gjer at det er mogleg å komma seg dit utan å padla over fjorden. Det er også lett å legga opp til padleturar som ikkje er spesielt eksponerte.

Tarva har masse å by på for folk med interesse for fugle- og dyreliv. OG for dei som er interessert i krigshistorie. Tarva var viktig for tyskarane, og det visest.

Det er viktig å vera klar over at landskapsvernområdet på Været har ferdselsforbod. Det betyr at det ikkje er lov å gå i land på Været og dei øyane som er landfaste med Været, på fjære sjø – i perioden 1. april til og med 31. juli.

Meir om det kan du lesa her: https://lovdata.no/dokument/MV/forskrift/1982-08-20-1326

Idear til teltplassar: Rett vest for ferjekaien v Starumen, Åkervika på austsida av Husøya, sør på den skogkledde Valsholmen er det plass til fleire telt i le av dei planta grantrea.


 

Aagot