null Klubbtur til Kjerknesvågen, Inderøy

Klubbtur til Kjerknesvågen, Inderøy

- TKK og Innherred kajakklubb

Fredag til søndag, 19. til 21. mai.

Tur for alle med våttkort

Turleiar: Anna Ølnes

Det praktiske: Overnatting i telt i Kjerknesvågen, på vestsida av Inderøya der Kjerknesvågen kai- og båtforening har eit lokale med sanitæranlegg, kjøkken, bord og benker ute og inne, grillar og forsamlingslokale som også fungerte som enkel overnatting som alternativ til telt. Til disposisjon for oss mot betaling.

Og svært funksjonelt. Fint med do og dusj og også praktisk at det er mogleg å sitta inne om det blir i suraste laget ute.

Dessutan byr området på mange viker og strender der det er mogleg å gå på land. Det er såleis lett å finna alternativer dersom veret eller formen skulle tilseia ein ekstra pause.

Sjå turkart her

To turdagar:

Begge dagar var det ein vindstyrke på 4-5 m/s.

Laurdag kom vinden frå nordaust, og me padla nordover til nordspissen av Inderøya med utsyn mot Follafoss, Malm og Steinkjer. Strålande sol og skikkeleg matpause i sola. Avslutta med redningsleiker i Kjerknesvågen før fellesmiddag på grillen i sommarkvelden.

Søndag snudde vinden. Og me padla sørvestover til Åkervika, nesten til Skarsundet.

Fredag kom folk sigande ut over ettermiddagen. Dei aller første og ivrigaste  tok ein liten padletur også fredag ettermiddag nordover forbi Galgsøya.

Deretter fellestur med bil (!) til restauranten Rødbrygga i Straumen for middag. Referenten vil for eigen del leggja til at restaurantmaten ikkje kunne konkurrera med det overdådige sjølvlaga matbordet frå grillen laurdag kveld.

Padler i samtale

Og dei som gjorde dette til ein bra tur var turleiar Anna Ølnes, Irene Skei Mjømen som navigerte og Kari Kjølle som organiserte det praktiske rundt overnattingstaden i Kjerknesvågen.

Aagot Opheim