null Tursesongen 2016 - Havkajakk

Innleiing

Havgruppa i Trondhjems kajakklubb (TKK) legg opp til eit breidt og variert turprogram for tursesongen 2016. I år, som i fjor, er turane lagt opp etter kategoriar frå 1 – 5. Når vi legg ut turprogrammet så tidleg i sesongen, så er ikkje det berre fordi folk skal få tid til å rydde plass i kalendaren. Det er like mykje fordi vi vil gjere det muleg for alle å trene og førebu seg til turar som ein lyst til å vere med på. Det gjer du ved å:

Padle turar i nærområdet som tilsvarar minimum den distansen som er oppgitt på dei turane du ynskjer å delta på (f.eks. er tur/retur Skansen – Ringvebukta (Sponhuset) = 12 km, Skansen – Flakk t/r = ca. 20 km, Skansen- Hansbakkfjæra = ca 25 km). Du førebur deg ved å:


 

Delta på søndagsturar på dagar med bølger og vind. Du kan også bruke facebook-sidene til å invitere med deg folk på slike øvingsturar.

Delta på Rull og tull (fredagar fra kl 18.00). Øv på redning og teknikkar i ulike forhold – gjerne når det er vind og bølger på fjorden.


 

Padleliv er ofte teltliv. Du treng ikkje gjere dei dyraste investeringane, men du må ha tilgang på utstyr (sovepose, telt, kokeutstyr) som fungerer godt i midt-norske temperaturar og vérforhold. Før du legg ut på turen må du må forsikre deg om at utstyret fungerer og, ikkje minst; korleis det fungerer.


 

Nedanfor presenterer vi først skalaen som turane er lagt opp etter. Den er rettleiande. Når det gjeld oppgitt vindstyrke, så er det kva ein kan komme borti, det vil ikkje nødvendigvis vere gjennomgåande vindstyrke på heile turen.

For alle turane gjeld TKK sitt minstekrav for å delta i klubben sine havpadleativitetar: NPF Grunnkurs i havpadling, eller godkjent tilsvarande kompetanse.


 

Turkategoriar:


 

1. Lågaste terskel

Minimumskrav er grunnkurs, eller godkjent tilsvarande bakgrunn

5 – 10 km i padledistanse

Skjerma farvatn

Vind: ca. 0-5 meter i sekundet (m/s)


 

2. Tur for dei fleste havpadlarar

Padledistanse: inntil 15 km pr. dag

Padling i hovudsak skjerma farvatn

Noko bølger og vind inntil 8 m/s


 

3. Nokså eksponert

Padledistanse: Inntil ca. 20 km pr. dag

Kan innebere kryssing i opne strekk på ca. 1-3 km

Ein god del bølger, vind innil 10 m/s

Muleg overnatting i telt, og skifte av leirplass undervegs


 

4. Eksponert havpadling/langtur

Må kunne teknikkar tilsvarande teknikkurs (våttkort)

Padledistanse: 20-30 km ++ pr. dag

Krevjande kryssingar i utsatte farvatn

Må rekne med høge bølger, vind frå skiftande retningar: 10 m/s ++


 

5. Brottpadling

Må kunne teknikkar tilsvarande innhaldet i NPF teknikkurs

Må kunne kameratredning og eigenredning i krevjande forhold

Må kunne teknisk krevjande padling i brott og høg sjø med brytande bølger

Høge bølger og vind fra skiftande retningar – 10 m/s ++

Må ha hjelm og slepeutstyr


 


 

Turprogram

Her er turoversikten, med kort beskrivelse av kvar tur. Meir informasjon om den enkelte turen kjem etterkvart som dei blir lagt ut på terminlista. Kategoriane er jf. oversikten ovanfor.

13.-17. mai: Vikna

Dette er ein tur som er basert på flytting av leir frå dag til dag. Turen vil dels gå i opne farvatn, og padledistanse pr. dag kan bli ca. 20 km. Forventa kompetanse og erfaring vil vere kategori 3.

27.-29. mai: Tarva

Denne turen blir lagt opp med alternative turar for ulike målgrupper, dersom det er muleg. Frå Djupfest (fastlandet) til Tarva er det ca 7,5 km i forholdsvis ope farvatn. Dei som vil padle over bør ha kompetanse i kategori 3. Det går ferje frå Djupfest til Tarva. Kontaktperson: Aagot Opheim

10.-12. juni: Tur med kultur til Kjerknesvågen, Inderøya.

Denne turen vil vere for alle, altså kategori 1, med fast base på Kjerknesvåren kai- og båtforening (telt, bubil o.l.) og dagsturar på ca. 10 km. Det er inderoyfest.no desse dagane, med arrangement rundt omkring i kommunen. Kontaktperson: Kari Kolle.

17.-19. juni: Agdenes

Det er andre gangen at denne turen blir arrangert. Ein tur i kategori 1, for alle. Vi leiger heile fyret (tre bygningar, i alt ca 20 overnattingsplassar). Det blir dagsturar i nærområdet. Kontaktperson: Anna Ølnes

1.-3. juli: Sula

Nok ein fyrtur. På denne turen vil dagsetappane vere på ca 20 km ++, tildels i utsatte farvatn. Difor er forventa kompetansekrav satt til kategori 3. Det går ferje frå Nord-Dyrøy to ganger ettermiddag/kveld på fredagar, og retur tre ganger i løpet av søndagen. Det er ca. 20 km å padle over frå Nord-Dyrøy. Det vil bli organisert padling over for dei som ynskjer det.

15.-19. juli: Halten

Dette er den store ytrefileten ved Trøndelagskysten. Dersom veret tillet det blir dette ein flott tur yst ute i havet på høgsommaren. Deltakarane må ha ha erfaring og kompetanse med å padle i utsatte farvatn, der det tidvis kan oppstå mykje bølger og vanskelege padleforhold. Det vil bli lange padlestrekk pr. dag, gjerne over 30 km. Overnatting i telt. Kontaktperson: Sigurd L. Edvardsen.

30.7.-6.8.: Sommertur

Målet er å padle frå Strømstad til Kungshavn. Viss vér og vind tillet det vil første etappe gå til Kosterøyene og deretter vil det bli dagsetappar som kan bli over 20 km. Vérforholda kan endre på den planlagte ruta på både dagsetapper og turen som heilheit. Det blir overnatting i telt ute på øyane, og vi vil gå i "land" for bunkring ca. kvar 3. dag. Kontakt: Merete Lille og Monica Gjølmesli.

26.-28.8. Hitra gårdsmat+øyane i området

Dette er ein tur som dei fleste havpadlarane i klubben i utgangspunktet kan vere med på (bortsett fråd dei ferskaste/minst erfarne). Det er ein tur i kategori 2. Frå fredag til laurdag overnattar vi og et gourmetmiddag på Hitra gardsmat, før vi tek med oss telt og anna bagasje, og padlar ut til øyane i Kvenvær-Bispøyanområdet. Der blir det turkjøken-gourmet og overnatting i telt. Kontaktperson: Trine Marie Larsen.

9.-11. september: Nybegynnertur til Femunden

Dette er ein tur spesielt retta mot årets ferske grunnkursdeltakarar. Difor er det flott om også klubben sine meir og mindre rutinerte ringrevar er med, for å gi dei ferske padlarane tips og tryggleik, og innblikk i klubben sitt gode sosiale miljø. Denne turen er i kategori 1. Kontktperson: Sigurd L. Edvardsen

Oktober: Brottpadling, Kvenvær

Dette er ein tur der vi oppsøker brytande bølger og brott, og utviklar teknikkar i krevjande forhold. Det er eit arrangment i kategori 5.

Vi viser også til andre turar, som quajaq-treffet på Stokkøya den 10.-14.8., og arrangement med andre ansvarlege klubbar, som Smøla padlemarton og Rangøy-treffet.

20.8. Smøla maraton

23.-25.9.: Rangøya