Turleierar Arne Røyset og Christine Damgaard Valan.  
Padlelaget: Callum Sinclair, Hans Helmer Sæternes, Bård Vinge, Olav Magnar Nes, Torbjørn Kjærlaug og Egil Storrusten.

1. etappe fredag:

Den tradisjonsrike Froanturen blir avvikla mellom 11. august når det er lov å gå i land overalt og til siste søndag i august kl 14 når siste hurtigbåten går frå Halten før vinteren... Kartet viser verneplanen for Froan  Det er ilandstigningsforbud innanfor den grøne stiplalinja frå 1. april til 10. august.

Dei siste 4 dagane før avreise endra varsla seg lite, det ville bli eit stabilt høgtrykk utafor øyrekka og Froanturen var sikra. Nordleg vind  6 m/s dreiande  mot nordaust og fallande i løpet av helga la til rette for  skjerma padling mesteparten av turen om vi ville. Flo kl 24 fredag kom til å lette landgang og sjøsetting.

Vi rekna 3 timar frå Trondheim (i tilfelle kø på Klett...) til fergeleiet (stor parkeringsplass) på Nordyrøy. (Matbutikken på parkeringsplassen stenger 18 for tida). Kajakkane var pakka og stod klare til lynrask bording i det båten klappa til kai kl 20. Det fungerte, mannskapet rakk ikkje å stoppe oss! (8 kakjakkar tek omtrent to bilplassar på dekk).

Ein time til Sørburøy, halvegs passerer vi Gjæsingen.

På Sørburøy låg flytebrygga ved kaia og vi var padleklare på 5 minutt. Det var ei deileg lammande stille og skumring  på vatnet etter båtturen!

Etappene fredag og laurdag formiddag:

Vi tente våre lykter og padla 6 kilometer  til  vika Sørvalen ved Skaget på Sauøya.Undervegs leita vi opp smale sund.

Arne trengte data for flomålet neste morgon og beordra djubdemålingar før vi gjekk i land.

Vika har plass til iallefall 15 telt på grassletta. Under hovudlyktene avtalte vi forventningar for turen samt å vera på vatnet kl 9 neste dag. Natteranglarane heiv deretter  innpå både middag og dessert medan dei fornuftige gjekk til ro på tom mage.

Den kvite botn vi såg under oss kvelden før var fast sand, lett å bera kajakkar på vatnet. Via omvegar skulle dagens etappe bli 28 km til Store Horsa.

Chef dø la havregraut:

På Skaget sør for Froan rusa vi oss på lyden og synet av litt fråde i svaberga og drøymde om stabile lavtrykk nord for Island...

Nærkontakt med skarv ved Froan.

Beinstrekk og lens ved Kunna , deretter innafor skvalpeskjærrekka ved Sandskjæra til Skarvborga

Utaskjærs frå Skarvborga til Finnværet med smak av dønningar og fråde igjen! Sola steikte og blenda på fyret. Ivrige sjeler hadde laga utemøblar av vrakved i borggården. Det vart ein komfortabel lunsj med komplett klestørk!

Undervegs til Horsaøyene  sjekka vi ut potensielle teltplassar. Finnværøya, Tryggholmen og Selsteinen hadde lett tilgang i fjøra frå vestsidene men humpete dels våt jord/myr. Greitt nok for få telt eller ei gruppe av lite kresne.

2. etappe laurdag:

Callum på veg ned frå Finnværet.

Landgang på nordspissen av Store Horsa var litt kronglete på middelvatn. Trappetrinnssvaberg rett ved kajakkane fungerte godt som sofa og kjøkenbenk for fleire kokkelag. Toppen av øya var dekt av eit titalls enkeltståande krypeiner perfekt setja telta over og søvnen vart himmelsk!

Før vi kraup i posen kunne vi stirre oss mette på utsikten til Halten fyr.

I mørket slo vi atter ein gong fast at raud og grøn fyrsektor på karta ikkje lenger stemmer med fyra. Det står att å sjå om dei gamle sjøkarta blir oppgradert...

Sjarmøretappen:

Sol  og mild vind siste dagen burde få oss dei 10 kilometrane  til Halten. På vatnet  kl 09 som vanleg,  lunsj og lens i Helvetet viste eit paradis av runde svaberg, innbydande badekulpar og med eit smakfullt utsyn frå varden.

Her kunne ein saktens overnatte på flate berget eller i hengekøyer med hjelp av litt klatrestæsj på eit god værvarsel. Plass til mange... Ellers er vel Helvete neppe staden... Arne hadde stadig teikna og fortalt om vind, tidevatn, straumar og grunner i frådande Froan så vi ante korleis navnet vart til...

Vidare til Halten kosa vi oss i dønningane.

Halten fyr tronar på  sin eigen holme.

Den største øya er dekt av ei sjarmerande trehusklynge.

Historiske bygg blir halde i stand av entusiastar. Du får servering og omvising i kystkultur og overnatting. Steinbrotet bak husklynga er for blaut til telting forøvrig. Vi sjekka ikkje teltplassar på dei andre øyene.

Kva var prisen for å komma seg til Halten?  Jo, ein perleøyerdobb (i Helvete???), litt gelcoat og ei skikkeleg djup plastflenge(på målstreken!) Var det verdt det? Ja!!! Vil vi dit att? Ja!!!ASAP!!

Tusen takk til turleierane Arne og Christine som laga ein sømlaus, vakker og hyggeleg tur!

Egil Storrusten